Listos språkkurs

logo
Framandspråk for private
  • Tilpassa kurs i engelsk, spansk eller fransk
  • Undervisningsstad, oppstart og tidspunkt etter avtale
  • Gratis kartleggingstime for å diskutere kursopplegget
  • Pris frå og med kr. 390,- per undervisningstime. Rabatt når to eller fleire
logo
Norsk for framandspråklege - bedrifter og private
  • Kurs i grunnleggande norsk for framandspråklege. Fokus på behov i den enskilde bedrift.
  • For enkeltelevar eller grupper
  • Fleksibel oppstart og tilpassa opplegg. Også kveld eller helg
  • Ta kontakt for pris på diverse kurspakkar
logo
Leksehjelp i Framandspråk
  • Støttetimar i engelsk, fransk eller spansk tilpassa eleven sine behov
  • Skreddarsydde ekeamensrelaterte opplegg
  • 1-til-1, duo eller smågruppe. Pris etter avtale

Språk kan lærast på mange måtar. Morsmålet kjem lett på plass, men eit nytt framandspråk krev som regel betydeleg innsats. Det går alltid lettare med god motivasjon og når ein kjenner seg trygg i læresituasjonen. Listos AS tilbyr språkkurs som vi meinar kan bli skreddarsydde for dei fleste ønske og forutsetningar. Vi vil prøve å motivere deg og få deg til å senke skuldrane. Like viktig kan det vere at vi prøver å legge kurset til tidspunkt som passar deg best.

Du har kanskje lagt merke til eit auka tilbod om språkkurs eller leksehjelp online. Språkkurs og språkhjelp på nett har både fordelar og ulemper. Vi i Listos AS trur at mange har ekstra stor nytte av den personlege oppfølginga du får frå oss. Når du finn eit høveleg opplegg i lag med den kursanvarlege meinar vi bestemt at du lettare føler deg meir forplikta enn når du berre er online. Men også i våre kurs er det naturleg å ta i bruk nettressursar i mange læringssituasjonar. Fleire av desse ressursane er gratis. For nokre kursdeltakarar er det viktigast å snakke språket, for andre er det skrivinga. Ofte er det også slik at det er du sjølv som veit best når og korleis du lærer. I våre opplegg får du alltid det avgjerande ordet når vi set opp kurset.